Veterinærkontoret i Sirdal har telefontid for bestilling av tenester kl 08:00 – 16:00 på kvardagar. Bruk tlf 95 02 02 56. Også ved akutt skade / sjukdom brukar ein dette nummeret.

Frå og med starten på mars 2025, så vil det vere 4 veterinærar tilknytt vaktordninga. Victoria Hille, Petter C Rokstad, Silje Sigerstad og Magne Pedersen. Sistnemnde f.o.m starten av mars 2025.

Les alt om veterinærtjenester og veterinærvakta her.

Desse deler vakta mellom seg, og ein vil nå vakthavande veterinær ved å ringe 
94 19 17 78. Om du ikkje når fram på dette nummeret ring 95 02 02 56 for å få opplyst kven som har vakt.

I perioden 10.04.2025 til ca 10.05.2025, så vil det vere 2 veterinærar inne i vaktordninga. Dette for å sikre beredskapen i sauelaminga i ein stort geografisk distrikt.

Veterinærvakt kveld, natt og helg er ikkje meint som ein rådgjevande telefonteneste og skal bare bli brukt når ein treng at dyret blir undersøkt grunna akutt sjukdom / skade. I travle tider har ikkje alltid veterinærane moglegheit til å konferere lenge nok med dyreeigar til å hjelpe med avgjersle til om dette er nødvendig eller ikkje, og ber derfor om raskt svar på om undersøking er ønska eller ikkje.

Veterinærane prøvar når dei har tid til lengre samtalar å rettleie til kva dyreeigar kan prøve sjølve eller å hjelpe med å vurdere kor alvorleg tilfellet er, men utan undersøking så kan det ikkje bli gitt garanti pr telefon.

Les alt om veterinærtjenester og veterinærvakta her.