Kulturhuset - Gjennomføring av arrangement med godt smittevern

1. Det skal vera 1 ansvarleg for leiga. Denne skal gjera skriftleg avtale med kulturkontoret før bruk av lokalar. Det er kun lov til å opphalde seg i huset i det tidspunkt, og dei areal, som avtalen gjeld.
2. Den ansvarlege skal ha skriftleg oversyn over kven som har vore til stades på arrangementet. Denne informasjon skal vera tilgjengeleg i 3 veker etter endt arrangement. Dette er i tilfelle det oppstår smitte, slik at dette kan sporast mellom dei som var til stades.
3. For arrangement som er private, er det lov å ha 50 gjestar tilstade. Dersom arrangementet er offentlig er det tillat med maks 200 stk. Det skal vere minst 1 meter avstand mellom deltakarane. Dei som tilhøyrar same husstand kan sitja saman.
4. Personar med forkjølingssymptom/luftvegsinfeksjonar skal ikkje delta. Du skal ha vore frisk i minst eit døgn etter forkjøling/luftvegsinfeksjon før du kan delta.
5. Alle som deltek skal utføre god handvask eller spritvask før dei går inn i lokalet, og når dei forlèt lokalet.
6. Det er forbode å servere mat frå sjølvbetening/buffet/fat som vert sendt rundt. Mat skal vere anretta på tallerken til den einskilde. Is og brus kan selgast frå eiga bod. Pølser kan selgast når ein person lagar til og serverer. Sennep og ketchupflasker skal ikkje stå framme,      men handterast av den som serverer pølsene.
7. Kaffikanner skal ikkje sirkulere på borda, kaffi skal serverast frå ei kanne av ein person pr. kanne.
8. Ved sal/innsamling skal det ikkje nyttast kontantar, kun VIPPS eller anna kontantfri betaling. Det skal ikkje sendast rundt loddbøker.
9. Alle stolar og bord skal reingjerast med desinfeksjonsmiddel før dei vert rydda på plass. Kontaktflater (dørhandtak, gelender m.m.) skal vaskas over med desinfeksjonsmiddel før de forlet huset.
10. Stasjon med handsprit og desinfeksjonsmiddel er i kulturhuset (festsal). Den ansvarlege skal sørgja for at born ikkje har tilgang til dette utan oppsyn. Avfall skal tas med ut til container når ein forlet huset.

Idrettshallen - Gjennomføring av aktivitetar med godt smittevern

1. Det skal vera 1 ansvarleg for leiga. Denne skal gjera skriftleg avtale med kulturkontoret før bruk av lokalar. Det er kun lov til å opphalde seg i huset i det tidspunkt, og dei areal, som avtalen gjeld.
2. Den ansvarlege skal ha skriftleg oversyn over kven som har vore til stades på arrangementet.
3. For arrangement som er private, er det lov å ha 50 gjestar tilstade. Dersom arrangementet er offentlig er det tillat med maks 200 stk. Det skal vere minst 1 meter avstand mellom deltakarane. Dei som tilhøyrar same husstand kan sitja saman.
4. Personar med forkjølingssymptom/luftvegsinfeksjonar skal ikkje delta.
5. Alle som deltek skal utføre god handvask eller spritvask før dei går inn i lokalet, og når dei forlèt lokalet.
6. Alt av utstyr som er brukt skal reingjerast med desinfeksjonsmiddel før dei vert rydda på plass. Kontaktflater (dørhandtak, ribbevegg m.m.) skal vaskas over med desinfeksjonsmiddel før de forlèt huset.
7. Bruk av garderobe: Det er førebels opna opp 2 garderobar, her er det reinhald på dagtid. Dersom desse skal brukast på kveldstid, så må den ansvarlege sørgja for reinhald og desinfisering etter bruk.
8. Stasjon med handsprit og desinfeksjonsmiddel er i kulturhuset (idrettshall). Den ansvarlege skal sørgja for at born ikkje har tilgang til dette utan oppsyn. Avfall skal tas med ut til container når ein forlèt huset.