Gjeldende jakttider

Elg                                         25.09 – 23.12
Hjort                                       01.09 – 23.12
Rådyr                                     25.09 – 23.12
Vaksen rådyrbukk                  10.08 – 23.12
Villrein                                    20.08 – 30.09

For fleire jakttider, sjå her:

 

Skuddpremie og satser fellingsavgift

Fellingsavgifter

Dei nasjonale maksimalsatsane er gjeldande. Satsane for 2017 er:

Elg vaksen:          537 kroner
Elg kalv:               316 kroner
Hjort vaksen:        411 kroner
Hjort kalv:             249 kroner         

 

Skotpremie

Raudrev:             500 kroner
Mår:                     200 kroner
 

Skotpremien vert utbetalt etter framvising av dyr ved Sirdal lensmannskontor.

 

Gjeldende minsteareal

Minsteareal

Elg:         5 000 dekar
Hjort:    7 500 dekar
Rådyr:      500 dekar

 

Bygdejakt

Statskog SF har gjort deler av villreinjakta og garnfisket i Njardarheimen tilgjengelig for innbyggjarane i Sirdal og Valle kommune.

Innbyggjar i Sirdal kommune som er interesserte i dette kan ta kontakt med bygdejaktkomiteen v/ Helge Tonstad, mobil: 971 96 987.
Trekninga av villreinkorta plar finne stad på Kvæven fjellmuseum ein gong i juni. Tidspunktet for trekninga vert annonsert på førehand.

 

Retningslinjer for bygdejakta i Sirdal

  1. Søkjarar må være folkeregistrert i Sirdal kommune.
  2. Søkjarar må tilfredsstille krava til storviltjakt.
  3. Alle som vert tildelt jakt må underteikne jegeravtalen til Statskog og betale for jaktkortet før det vert utlevert.
  4. Jaktkortet er personleg. Ein har ikkje høve til å selje det vidare eller gjeve det bort. Dersom det ikkje vert nytta må det straks leverast tilbake til bygdejaktkomiteen slik at det kan formidlast vidare til neste person på lista.
  5. Ubrukte jaktkort skal straks etter jakta leverast til bygdejaktkomiteen.
  6. Brot på retningslinjene kan medføra utestenging frå jakta kommande år.

 

Bygdejaktkomiteen disponerer ein av Statskog SF sine nøklar til bommen ved Rosskreppfjorden. Denne kan lånast ut til innbyggjarar i kommunen i samband med garnfiske eller villreinjakt.
Bygdejaktkomiteen består av Helge Tonstad, Arvid Tjørhom og Sven Sandvik  

Historisk bakgrunn

Statskog SF sitt ønskje om å gjere delar av villreinjakta og garnfisket tilgjengelig for
lokalbefolkninga i Sirdal og Valle er historisk forankra i Stortingsmelding nr. 11. (1957) om statens eigedom Njardarheimen. Nedanfor følgjer nokre utdrag frå stortingsmeldinga:

St. meld. nr. 11. (1957), s.7:

 

Sentrale frister (rapportering, tilskudd osv)

Rapportere fellingsresultat for elg hjort og rådyr til kommunen   6. januar

Rapportere sett elg og sett hjort til kommunen                            6. januar

Søke om tilskot til vilttiltak frå fylkeskommunen                           1. februar

Søke om kommunalt tilskot til vilt- og fiskeforvaltning                  15. februar

Søke om erstatningsmidlar Øksendalsoverføringa                       15. februar

Trekke eigedom ut av vald                                                             1. april

Trekke vald ut av bestandsplanområde                                         1. april

Melde endringar i valdet til kommunen                                           1. mai

Søke om godkjenning eller endring av vald                                    1. mai

Søke om godkjenning eller endring av bestandsplanområde         1. mai                        

Søke om godkjenning eller endring av bestandsplan                      1. mai

 

Jegerprøven

For spørsmål om jegerprøven, ta kontakt med formann Espen Netland i Sirdal Jeger og Fiskeforening på mobil 97 77 86 68. 

 

Båndtvang

Det er bandtvang i alle lysløyper og tråkkemaskinpreparerte løyper i Sirdal kommune.

Av omsyn til sårbart vilt oppmodar me folk til å ha hunden i band også utanfor skiløypa. Hundar skal, i følgje hundelova, alltid passast slik at dei ikkje driv eller forfølgjer vilt.

Det er ikkje er lov til å drive jakthundtrening utan samtykke frå grunneigar, jf. hundelova § 8.

Frå 1. april til 1. november er det generell bandtvang i Sirdal kommune.

Forskrift om hundehold, Sirdal kommune
Hundeloven

 

Fiskeplasser/fiskekort

For informasjon om fiskeplasser og fiskekort ta kontakt med turistinformasjonen på tlf: 38 37 93 30 eller mob: 916 98 368. 

Man finner også informasjon om fiskeplasser, samt at man også kan kjøpe fiskekort via Inatur sin hjemmeside: https://www.inatur.no/