Retningslinjer for behandling av søknader om snøskuterløyve

Utval for teknikk, landbruk og miljø vedtok i møtet den 11.10.2016 følgjande retningslinjer for behandling av søknader om snøskuterløyve:

 

  1. Løyva skal knytast til person/føretak - ikkje til registreringsnummer.

 

  1. I verneområda skal det som hovudregel gjevast løyve etter motorferdselslova i samsvar med løyve gitt av verneområdeforvaltninga.

 

  1. Det skal som hovudregel tildelast løyve for fem år om gongen.

 

  1. Det skal leggjast inn som eit standardvilkår i løyva at det av tryggleiksomsyn er lov til å ha med ein følgjeskuter.

 

  1. Hytteeigarar i Grydalen og Donsen bør ikkje tildelast eigne løyve til transport av bagasje og utstyr. Denne transporten bør gjennomførast av leigekøyrarar.

 

  1. Avgrensinga mellom leigekøyring og private hytteløyver i Josdal skal avklarast i samråd med veglaget/grunneigarane.

 

  1. Leigekøyringsløyve kan gjevast til grunneigar eller ein person/personar som grunneigar har delegert ansvaret til. Vikarar og ekstrahjelp skal førast opp i søknaden.

 

  1. Kvart leigekøyringsløyve skal knytast opp til eit eller fleire gnr/bnr der det er behov for leigekøyring, men leigekøyringsløyva er også gjeldande utanfor dei gnr/bnr dei primært er knytt opp til.

 

  1. Innehavarar av leigekøyringsløyve har – innanfor rimelige grenser – plikt til å stille opp ved førespurnad om transport, også i nærområdet utanfor dei gnr/bnr løyvet primært er knytt opp til.

 

  1. Føretak som har behov for transport av materiale, utstyr og personell på vinterføre i samband med oppdrag på hytter og støler, vert oppmoda til å søkje om løyve etter § 6 i nasjonal forskrift.

 

Saksframlegget kan du lese her:

«Særutskrift Retningslinjer for behandling av søknader om snøskuterløyve i Sirdal»

Fornying av snøskuterløyver

Om du har fått leigekøyringsløyve eller løyve for transport til eiga hytte i Sirdal, er det store sjansar for at løyvet ditt no har gått ut på dato og treng fornying.

 

Slik kan du fornye løyve for transport til hytta

Står du som eigar av same hytte som sist, kan du enkelt søke om fornying av løyvet ved å sende teksten «forny snøskuterløyve» til post@sirdal.kommune.no. Kommunen har kart og andre nødvendige opplysningar lagra frå før.

  • Du treng ikkje føre opp namna til familiemedlemar som skal køyre på løyvet. Når løyvet vert gitt til deg som «hytteeigar» vil det per definisjon også gjelda for din næraste familie (ektefelle/sambuar, barn og foreldre).
  • Du treng heller ikkje opplyse om registreringsnummer, eller melde i frå til kommunen ved byte av snøskuter. Løyva vert ikkje lenger knytt opp til registreringsnummer – berre til person/hytteeigar.

 

Slik kan du fornye leigekøyringsløyve

Står du som eigar av dei same gards- og bruksnummera som leigekøyringsløyvet ditt vart knytt opp til sist, eller du har fått delegert ansvaret for dei same gards- og bruksnummera frå grunneigar som sist, kan du søke om fornying av leigekøyringsløyvet ved å sende teksten «forny leigekøyringsløyve» til post@sirdal.kommune.no.

  • Opplys om eventuelle endringar i sjåførar, slik at dette vert ført korrekt i løyvet. Det er berre dei personane som står oppført som sjåførar i leigekøyringsløyvet som kan køyre på dette. Som løyvehavar står du ansvarlig for verksemda.

 

Slik kan du fornye løyve for motorferdsel i samband med næring

Føretak som har fått dispensasjon for transport av materiale, utstyr og personell på vinterføre i samband med oppdrag på hytter og støler, kan søke om fornying av løyvet ved å sende teksten «forny løyve for motorferdsel i samband med næring for: firmanamn, organisasjonsnummer» til post@sirdal.kommune.no. Desse søknadane vert behandla i utval for teknikk, landbruk og miljø. Søknader som er mottatt innan 24. november vil bli lagt fram for behandling i utvalsmøte 10. desember.

 

Skjema for søknad om motorferdsel i verneområda

For motorferdsel i verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane er det eit eige søknadsskjema

 

Andre lenker:

Retningslinjer for behandling av søknader om snøskuterløyve i Sirdal (PDF)

Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven)

Forskrift om bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag

Forskrift om landing og start med luftfartøy og motorferdsel i vassdrag, Sirdal kommune